No er den andre og siste utlysinga under Pathways2Resilience (P2R) open for søknadar.
Programmet er ein del av EUs samfunnsoppdrag for klimatilpassing, og har som mål å støtte minst 100 regionar og lokalsamfunn i Europa til å bli betre rusta mot klimaendringar innan 2030.
Nye moglegheiter for kommunar og fylke i runde to
P2R hjelper regionar med å forstå klimarisiko, utvikle klimatilpassingsplanar, og teste ut innovative løysingar. Programmet legg vekt på mangfald og lokal forankring, og søkarar blir vurdert etter sårbarheit og representativitet.
Norske fylke og kommunar kan søke, og offentlege eller private aktørar kan vere med som partnarar. I den første runden blei 40 av 100 pilotregionar valt til samfunnsoppdraget, og i denne runda skal ytterlegare 61 regionar få støtte. Kvart prosjekt kan få inntil 210 000 euro i støtte, i tillegg til å delta i eit kapasitetsbyggingsprogram på 18 månader. Her får deltakarane verktøy og kunnskap for å ta i bruk P2R-metoden gjennom gruppetrening, øvingsøkter og vegleiing.
Søknadsfrist er 20. august 2025.
P2R har også to digitale informasjonsmøte:
- 8. juli 2025 kl. 14:00–15:00
- 23. juli 2025 kl. 13:00–14:00
Meir informasjon og lenkjer til påmelding finn du her.