ORE søkjer nye studentpraktikantar

ORE søkjer nye studentpraktikantar
28.5.2025

Kvart halvår lyser vi ut studentpraktikantstillingar ved vårt kontor i Brussel, og vi ynskjer å nå ut til flest mogleg kvalifiserte og motiverte kandidatar blant studentar og nyutdanna ved lærestadene som er medlem hos oss.

Vi spurte Norges Ambassadør til EU, Anders Eide, om han hadde nokre tankar til dei som vurdera å søkje studentpraktikantopphold i utlandet:

- (…) verda blir meir og meir kopla i hop og samarbeid på alle moglege frontar styrkjer seg, så eg trur at det å vere studentpraktikant ute er ei uvurderleg erfaring (...) Brussel er jo på mange vis Europas politiske sentrum, så det er jo inga grense for kor mykje som skjer her akkurat no (…)

Å ta imot studentpraktikantar er ein betydeleg medlemsleveranse for Osloregionens Europakontor, som både vi og våre medlemmer ser på som et viktig samfunnsoppdrag. Studentpraktikanten får verdifull erfaring, bidrar med friske synspunkt og har ein viktig støttefunksjon i organisasjonen. Studenten får også oppfølging frå ein dedikert vegleiar, og høve til å forme eigne arbeidsoppgåver etter interessefelt og fagleg bakgrunn.

Kathinka Torwig frå Universitetet i Innlandet har vore studentpraktikant ved oss sida januar:

- Å vare studentpraktikant ved Osloregionens Europakontor i Brussel har gitt meg ei heilt unik innsikt i korleis EØS-avtalen faktisk fungerer i praksis, spesielt på regionalt nivå. Det er spennande å sjå korleis EU-program blir knytte til konkrete prosjekt, og korleis avgjerder som blir tekne her, får direkte betydning i Noreg.

Ordninga gir verdifull internasjonal erfaring, innsikt i korleis EU og EØS påverkar norsk politikk og forvaltning, og kjennskap til korleis Osloregionens Europakontor jobbar for å fremje medlemmenes interesser. Studentpraktikantane tek del i eit mangfald av oppgåver, som deltaking i møte med EU-institusjonar og andre aktørar, tilrettelegging av arrangement, og produksjon av innhald til nettside og sosiale medium. Ein vil også kunne fordjupe seg i eit aktuelt policyområde, og det er tilrettelagt for at studenten kan kombinere opphaldet med bachelor- eller master-skriving.

- Eg har hatt det utruleg kjekt og artig på kontoret! Eg gler meg kvar gong eg skal på jobb. Eg har lært utruleg mykje om EU og EØS, og moglegheita til å delta på arrangement og konferansar har vore ein god kjelde for å utvikle mi eiga kompetanse, seiar studentpraktikant Une Dahle frå OsloMet om korleis ho trivest under opphaldet.

Osloregionens Europakontor tilbyr opphald frå to til seks månader, og studentpraktikantane får Erasmus+-stipend gjennom lærestaden sin. Alle studieretningar frå våre medlem Universitetet i Innlandet, OsloMet og Høgskulen i Østfold er velkomne til å søkje. Interesserte studentar oppfordrast til å ta kontakt med internasjonal koordinator ved sin studiestad for meir informasjon, då interne fristar og søkjeprosessar gjeld.

Ein må ikkje vare Europa-ekspert for å søkje, berre nysgjerrig, engasjert og klar for å lære noko nytt!

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV

Kontakt

Direktør – Gunnar Selvik 
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
+32 (0) 460 94 1393

Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Brussel

Nordic House
Rue du Luxembourg 3 / 5
1000 Brussels

 

Oslo

Mesh
Tordenskiolds gate 2
0160 Oslo

 

© 2025 All rights reserved.