EU trappar opp: Full stopp for russisk energi innan 2027

EU trappar opp: Full stopp for russisk energi innan 2027
Caption
16.5.2025

Med REPowerEU-vegkartet skal EU gjere seg heilt uavhengig av russisk energi innan 2027. Målet er eit meir fornybart og berekraftig energiforbruk.

I 2022 lanserte Europakommisjonen REPowerEU-pakken i kjølvatnet av Russland sin invasjon av Ukraina, som etablerte mål om å gjere Europa uavhengig av import av russisk fossil energi, spare meir energi, og produsere meir fornybart. Europakommisjonen har no lagt fram ein plan for full utfasing av importen av russisk gass, olje og kjernekraft innan 2027. Vegkartet inneheld ni hovudtiltak som skal gjere EUs energisystem meir sikkert og uavhengig.

Kutt i energiforbruk og auka produksjon av fornybar energi

I dag er gass ei viktig energikjelde i EU, brukt til kraftproduksjon, oppvarming og industri. Om lag 30 % av hushalda nyttar gass til oppvarming. Etter invasjonen bad EU innbyggjarane om å redusere energiforbruket sitt med 15 %, noko dei overgjekk med ein faktisk reduksjon på 18 %. I same periode blei det installert nær dobbelt så mykje fornybar energi i EU som året før.

Sidan 2021 har EU redusert den russiske delen av gassimporten frå 45 % til 19 %. Likevel utgjorde importen av russisk fossil energi 21,9 milliardar euro i 2024, meir enn støtta EU har gitt Ukraina (19,5 milliardar euro). Det nye målet er å avslutte all kortsiktig gassimport frå Russland innan 2025, og all energiimport innan 2027. Dette ynskjer dei å oppnå ved å setje press på medlemsland og verksemder om å fase ut import frå Russland. Eit av dei planlagde tiltaka er eit lovforslag, som vil bli publisert neste månad, som vil forby nye gasskontraktar med Russland og avslutte eksisterande. EU vil også skjerpe rapporteringskrava for energiselskap for å sikre meir openheit og kontroll.

Noreg blir endå viktigare for EU sin energitilgang

Vegkartet legg også vekt på betre energisikkerheit gjennom å spreie kven som er leverandørane. Noreg er no den største gassleverandøren til EU og stod for over 33 % av gassimporten i 2024.

Les meir om vegkartet her.

Illustrasjon: Europakommisjonen

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV

Kontakt

Direktør – Gunnar Selvik 
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
+32 (0) 460 94 1393

Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Brussel

Nordic House
Rue du Luxembourg 3 / 5
1000 Brussels

 

Oslo

Mesh
Tordenskiolds gate 2
0160 Oslo

 

© 2025 All rights reserved.