Europeisk vasspolitikk i fokus og fagreise til Belgia

Europeisk vasspolitikk i fokus og fagreise til Belgia
12.6.2025

Gjennom medlemskapen til Østfold fylkeskommune fekk aktørar frå Vassområdeforumet i Glomma vassregion høve til å delta på ein målretta studietur til Belgia i førre veke. Med på turen var representantar frå fylkeskommunar, statsforvaltarar og vassområdekoordinatorar – alle med felles interesse for vassforvaltning og tilhøyrande miljøtiltak.

Gjennom faglege innlegg og møte med sentrale aktørar fekk deltakarane oppdatert innsikt i EU sin vasspolitikk, ikkje minst den nye strategien for vassresiliens som vart lansert under opphaldet. Strategien er EU sitt svar på den aukande vasskrisa, og har tre hovudmål: (1) å verne og restaurere vasskrinslaupet, (2) å utvikle ein «vass-smart» økonomi, og (3) å sikre trygg og rimeleg tilgang til vatn for alle innbyggjarar.

Bakgrunnen for strategien er at berre 37 % av overflatevatnet i Europa god økologisk tilstand i dag, og berre 29 % oppfyller krava til god kjemisk status. Klimaendringar, overforbruk, forureining og svak gjennomføring av eksisterande regelverk gjer at vassressursane er under stadig sterkare press.

For Vassområdeforumet i Glomma vassregion gav studieturen verdifull kunnskap og inspirasjon til korleis ein kan møte desse utfordringane lokalt. Erfaringane frå Brussel vil vere nyttige i det vidare arbeidet med klimatilpassing, berekraftig vassforvaltning og utvikling av framtidsretta løysingar for vassmiljøet i regionen.

Praktiske løysingar og europeisk samarbeid

Eit høgdepunkt på turen var besøket i Flandern, der deltakarane fekk sjå konkrete tiltak for berekraftig vasshandtering i landbruket. Tiltaka hadde som mål å redusere utslepp og avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel til vatn. Dette gav direkte overføringsverdi til utfordringar knytte til jordbruk og vassmiljø i Glomma-området.

Gjennom møte om EU-program som Horisont Europa og Interreg, fekk deltakarane òg innsikt i korleis ein kan søkje EU-midlar og ta del i forskings- og innovasjonsprosjekt. Som medlem i Osloregionens Europakontor har Vassområdeforumet i Glomma vassregion tilgang til nettverk, kunnskap og støtte som gjer det lettare å påverke og bidra til utforminga av europeisk vasspolitikk.

Studieturen har gitt Glomma vassregion ny kunnskap, inspirasjon og betre føresetnader for samarbeid både i Noreg og på tvers av landegrensene.

– Me fekk eit godt bilete av dei moglegheitene vi ikkje har fått utnytta endå. Turen til Flandern fekk vi mest ut av, då vi kunne sjå at ulike regionar har mange av dei same utfordringane, konkluderte ein av deltakarane.

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV

Kontakt

Direktør – Gunnar Selvik 
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
+32 (0) 460 94 1393

Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Brussel

Nordic House
Rue du Luxembourg 3 / 5
1000 Brussels

 

Oslo

Mesh
Tordenskiolds gate 2
0160 Oslo

 

© 2025 All rights reserved.