EU og Noreg lokkar til seg verdas skarpaste forskarar

EU og Noreg lokkar til seg verdas skarpaste forskarar
16.5.2025

Med auka støtte, attraktive stipend og stabile rammer trappar EU og Noreg opp innsatsen for å rekruttere internasjonale forskarar – i ei tid der særleg USA opplever kutt i forsking og svekt akademisk friheit.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) tilbyr attraktive forskingsstipend til forskarar frå heile verda, så lenge prosjektet vert gjennomført i eit EU-land eller eit land knytt til forskingsprogrammet Horisont Europa, som også Noreg deltek i. Dei fire hovudordningane, Starting, Consolidator, Advanced og Synergy Grants, er opne for alle fagområde og vert tildelt berre basert på fagleg kvalitet.

Milliardstipend og super grants for globale talent

Forskarar som flyttar til Europa kan få betydeleg meir støtte enn dei som alt er etablerte her. Til dømes kan Starting Grants kome opp i 2,5 millionar euro for forskarar utanfrå, mot 1,5 millionar for dei som allereie er i Europa. I tillegg kan dei få opptil 2 millionar euro ekstra i støtte til å byggje opp eigne laboratorium eller starte opp nye forskingsprosjekt.

I mai lanserte Europakommisjonspresident Ursula von der Leyen ei ny storsatsing på såkalla «super grants», som er større og lengre forskingsstipend for å styrkje ERC si globale rolle. Dette vert sett på som eit direkte svar på dei amerikanske kutta i forskingssektoren og innskrenking av akademisk friheit under Trump-administrasjonen. Sjølv om ordninga rettar seg mot forskarar frå heile verda så er det tydeleg at EU ynskjer spesielt forskarar frå USA.

Noreg følgjer opp med eiga støtteordning frå 2026

EU gjer eit poeng ut av å profilere seg sjølv som ein attraktiv og trygg stad å bu og forske med høg livskvalitet, stabile rammer og sterke fagmiljø. Noreg har følgt opp med ei eiga støtteordning på 100 millionar kroner frå 2026, som skal bidra til å lokke fleire internasjonale forskarar hit. Forskningsrådet jobbar no med å fastsetje deltaljane før dei publiserer dei norske utlysingane, så her er ikkje vilkåra kjende enno. Utlysingane knytast i fyrste omgang til senterordningane.

Les meir om ERC-støtteordningane her.

Illustrasjon: European Research Council

MELD DEG PÅ VÅRT NYHETSBREV

Kontakt

Direktør – Gunnar Selvik 
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
+32 (0) 460 94 1393

Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Brussel

Nordic House
Rue du Luxembourg 3 / 5
1000 Brussels

 

Oslo

Mesh
Tordenskiolds gate 2
0160 Oslo

 

© 2025 All rights reserved.