Vår nye praktikant kjem frå Romsdalen på Vestlandet og er midt i ein bachelor i administrasjon og leiing i offentleg verksemd ved OsloMet.
Une har ein djup interesse for europeisk samarbeid og policy-utvikling, spesielt med fokus på rammeverket rundt EU/EØS. Dette engasjementet kjem frå då ho deltok i eit prosjekt der ho jobba med utvikling og trening av ein KI-modell saman med kollegaer frå andre nordiske land. Dette internasjonale samarbeidet fungerte som ein augeopnar for ho.
Gjennom studiane og jobb har ho fått eit nytt perspektiv og interesse for sentrale tema som digitalisering i den offentlege sektoren og overgangen til sirkulærøkonomi.
Une ser fram til å få praktisk erfaring i korleis regionale interessar er representerte i Brussel og korleis Europeisk politikk påverkar offentleg administrasjon heime i Noreg.
Une kan kontaktast på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.