10. april 2025 vart Europaparlamentet og Rådet einige om eit nytt direktiv for overvaking og vern av jordsmonn i EU. Direktivet skal sikre betre jordkvalitet og gjere jorda meir motstandsdyktig mot naturkatastrofar, hetebølgjer og ekstremver. Dette er eit viktig steg for å betre handtere utfordringar som erosjon, forureining og tap av biomangfald.
Direktivet set eit ikkje-bindande mål om å oppnå sunn jord i heile EU innan 2050. Det er det første rammeverket som etablerer felles metodar og kriterium for jordhelseovervaking, og det vil støtte opp under EUs grøne skifte og FN sine berekraftsmål for 2030. Tiltak som medlemslanda må gjennomføre inkluderer overvaking av jordhelse, støtte til jordforvaltarar, redusert tap av økosystemtenester frå arealbruk og handtering av forureina område etter "forureinar betalar"-prinsippet.
Neste steg er formell godkjenning av avtalen, og deretter skal medlemslanda innføre nasjonale system innan tre år. Direktivet vil også kunne få verknad i Noreg gjennom EØS-avtalen. Miljødirektoratet har følgt prosessen tett og gitt norske innspel til EU.
I Noreg er berre om lag 58 % av fulldyrka og overflatedyrka jord kartlagt for jordkvalitet. Av dette er nesten 95 % vurdert som svært god eller god. Likevel er jordkvalitet ein sårbar ressurs som krev god forvalting for framtida, spesielt då Noreg berre har omlag 3.5 % av landets areal som jordbruksareal.
Osloregionens Europakontor deltek aktivt i det Brussel-baserte nettverket European Regions Research and Innovation Network (ERRIN), der vi er blant leiarane av nettverkets arbeidsgruppe for bioøkonomi. I september vil ERRIN arrangere eit seminar om det nye EU-direktivet for overvaking og vern av jordsmonn i Brussel. Dette i samarbeid med Det europeiske miljøbyrået (EEA). Seminaret vil gje deltakarane innsikt i innhaldet i det nye direktivet, samt kva konsekvensar direktivet forventast å få for produsentar i landbrukssektoren og lokale og regionale aktørar. Meir informasjon om arrangementet vil bli offentleggjort i løpet av kommande månader.
Illsustrasjon: Europakommisjonen